Kanskje eit veldig kjedelig og uorginalt svar… men eg har veldig sansen for
Helvetica. Den kan brukes må veldig mange måter med veldig mange stiler. (Sammenlign arbeidet til Massimo Vignelli og Experimental Jetset. Samme font, heilt forskjellige utrykk.)
Andre fonter som eg likar er
Futura. Likar at den er geometrisk, men ikkje er perfekt geometrisk og difor også har litt humane trekk.
Anivers er ein font som har mange særpreg og egner seg særskilt godt for logoer og overskrifter. Den ligner litt på Meta, men er mykje billigare så ein kan nesten kalle den for ein slags fattigmanns-Meta.
Compendium er kanskje ein av dei vakraste kalligrafi-baserte skriftene som eg veit om. Desverre så er det ikkje så ofte kan bruke den.
Minion er ein arbeidshest av ein serif-font. Den er fin, men ikkje blant dei mest elegante serif-fontene. Likevel så har eg ofte brukt denne. Når lesbarhet er topp-prioritet og du ikkje nødvendigvis er opptatt av å kommunisere ein spesiell stemmning så er denne perfekt.
Garamond er ein klassiker. (Spesifikt: Adobe Garamond, og Garamond Premier, men Sabon er også fin. ITC Garamond derimot… usj.) Denne skriften er lettleslig, og fin. Kursiv-varianten er veldig elegant. Garamond har i forskjellige variantar og tolkingar blitt brukt i over 450 år!
Har veldig lyst på Garamond Premier (med sine optisk optimaliserte størrelser), men den ikkje veldig billig.