Har photoshop batch-mode? Då kan du kanskje bruka den.
Elles er
Ufraw-view no i
Mac OS X utgåve.
Installer og opna terminal der du har bileta og kopier inn
- Kode: Merk alt
for i in `ls *nef`; do ufraw-batch --out-type=jpeg $i --output $i.jpeg; done
Det kan henda du må erstatta ufraw-batch med fullstendig stig. Erfaringa mi med Mac OS handlar om bash, python, og noko nettverk. Ikkje nok til å kunna forklara stega for å opna terminal i denne mappa, eller om programmet vert installert slik at du må skriva fullstendig stig, eller om det er nok å berre skriva filnamn.
Denne koden gjev jpeg bilete i 85% kvalitet. --compression=100 gjev full kvalitet og --compression=50 gjev 50% kvalitet. Den kan du til dømes setje inn slik:
- Kode: Merk alt
for i in `ls *nef`; do ufraw-batch --compression=100 --out-type=jpeg $i --output $i.jpeg; done
Du kan og byta ut filtypen til ppm,tiff,tif,png eller fits.
Dersom det er interesse kan eg forklara stega nærmare. Du kan bruka ufraw til å finna ut kva innstillingar du vil ha. Dersom du ikkje vil ha same innstillingar på alle bileta trur eg photoshop og lagra som jpeg kan vera enklare for deg.