Der er nok ein liten bug i søkinga..., eller menyen til høgre viss du søker. Skriver du ingen ting i søkefeltet blir menyen feil.
Skal det vere på engelsk eller norsk? Har var det ja-takk, begge deler...
Eg synes at det at teksten i menyen flytter seg til høgre er fullstendig feil og frustrerande. Lat skrifta stå der den skal stå. Men det er jo meg...
Logo bør vere slik at når du klikker på den så kjem du tilbake til hovudsida. Viss du skal lagge det ut på wordpress.org bør du også få til ein upload av denne logoen, eller gjer slik at folk kan skrive tekst der sjølv.
Blir det brukt Custom Fields til dei kvadratiske bileta, eller har du plugin som henter første bilete, gjer det kvadratisk og skalerer det automatisk?
Videre så er kanskje gravatarane litt for store. Det er ikkje alle som har god kvalitet på dei bileta sine der, derfor blir dei stygge viss dei skal vere så store.
Fargane... klarer ikkje heilt å seie kva som eg ikkje liker med kombinasjonen, men der er nokke som eg ikkje likar heilt. Men det kan igjen berre vere meg. Personleg så synes eg også heile sida er litt for mørk....
MEN, når den
slaken er sagt
Likte veldig godt sjølve oppbygginga av temaet. Spesielt ditta med at menyen gikk framfor/over headeren. Strukturen er altså finfin, men det er "fremdeles litt arbeid igjen" med fargevalg og litt anna småting. Ser også ut til at du har tenkt over at less is more
Godt, hald på det.