av Hemo » lør 19.11.2011 23:40
Filmar du kjøper på iTunes blir lasta ned og lagra her:
/Users/Username/Music/iTunes/iTunes Media/
Du kan flytta eller kopiera filmane dit du sjølv vil.
Filmen er beskytta med med DRM og kan berre spelast av i iTunes eller ein Apple-dings som er autorisert mot ditt iTunes-brukarnamn.
Korleis du får undertekstar på filmar som er kjøpt i iTunes veit heller ikkje eg, men kunne veldig gjerna likt å funne det ut. Dette er noko Apple burde (eller kanskje dei alt har?) funne ei løysing på. Både språk-og undertekst-val på iTunes-kjøpt film, burde vera minst lika godt som på DVD og Blu-ray.