Dessverre er det som du har oppdaga slik at nyare versjonar av ACR (Adobe Camera Raw) ikkje er kompatible med eldre versjonar av Photoshop. For CS2 er det kun ACR 3.x som fungerer, for CS3 er det kun ACR 4.x som fungerer, og for CS4 er det kun ACR 5.x som fungerer.
Vidare er det slik at råfiler er ulike frå kamera til kamera, og når eit nytt kamera kjem ut må råkonverteraren (som ACR) oppdaterast for å kunne lese filene frå det kameraet. Det fører og til at sidan du har eit kamera som kom lenge etter CS3, vil du ikkje få ein versjon av ACR med støtte for kameraet ditt til CS2.
Du har dermed to-tre alternativ:
1) Oppgrader Photoshop slik at du kan oppgradere ACR.
2) Bruk eit anna program til råkonverteringa. Det fulgte kanskje eit med kamera?
3) Konverter til DNG med Adobe sin DNG Converter (kan lastast ned
her). DNG er Adobe sitt eige råformat, og det er støtta i alle versjonar av ACR meiner eg. Du mister ikkje informasjon i konverteringa.