Har sjølv eit D70S - og er kjempenøgd. Har objektivet frå Nikkor: 18-70mm 1:3,5-4,5G ED DX, som følgde med på eit kit eg kjøpte.
Er kanonfornøgd. Einaste minuset med mitt kamera er at eg ikkje har kjøpt meg ekstern blits enno. Men, dette kjem nok før eller sidan..
Og - berre USB 1.0? Du tek bilete, og brukar timesvis på dette - men når du skal legge det over - har du plutseleg så veldig dårleg tid? Start overføringa, gå og hent deg ein kaffikopp - og slapp av litt. Når du er ferdig med kaffikoppen - er alle bileta overført - i alle fall dersom du vel å bruke RAW.
Eg vil i alle fall anbefale dette kjøpet - sett opp mot liknande apparat, der ein gjerne får eit dårlegare objektiv med.
Lukke til med valet