Eg pleier å sei det at det er ikkje kameraet som tek bileta, det er fotografen
Men sjølvsagt er godt verktøy halve jobben.
Eg er sjølv ingen Nikon-ekspert, eg held meg til Canon, men alikevel tør eg å påstå at forskjellane er
ganske store mellom D40(X) og D70(S). D70 ser nok ganske lik ut på papiret, men eg vil tru at den der mykje meir solid og har eit betre brukergrensesnitt og ikkje minst større potensiale for å læra seg fototeknikk enn kva D40 har. Dette avdi funksjonane i D40 nok ikkje vil vera dei sama som på D70.
Men som sagt; eg er ingen Nikon-ekspert;)
Det er jo nemnt det med manglande autofokusmotor i D40, noko som er eit STORT minus i mine auge.
Etter kvart får ein og lyst å oppgradera objektiv-stallen, og då er det dumt og ha eit så begrensa utval som ein vil få då.
Dersom eg skulle valgt, hadde eg
utan tvil valgt eit D70(S). Dette etter mne erfaringar med eit Canon EOS 350D som eg no har lyst til å bytta ut mot 20D og evnt. 30D (Dette tilsvarar jo omtrent D40(x) og D70(S) "dilemmaet").
mvh
-Andreas
EDIT:
Men vil bare føye til en ting. Det har også noe å si hva slags objektiv du har.
Det er eit
veldig viktig poeng som ikkje må undervurderast. Merka
betydleg forskjell når eg valgte å spare litt ekstra og kjøpa eit brukt L objektiv (Canons proffserie) i staden for eit (nytt) "vanleg" objektiv. Den forskjellen er heilt ubeskrivleg. Bileta vert utruleg mykje skarpare, objektivet er mykje meir solid og tålar meir og du får ein fast blender (i mitt tilfelle).
PS: Objektiv er ingen fare å kjøpa brukt, held seg i perfekt stand med normalt bruk