av bohdi » fre 18.08.2006 1:01
Etter å ha vurdert akkurat dei to kamera som Sindresh, i ei god stund, har eg bestemt meg. Det vert 350D, det er berre eit spørsmål om å finne beste prisen!
Har lest på mellom anna akam.no at det objektivet som følgjer med i pakkeprisen, ikkje er det kvassaste i skuffen, men det får duge.
Nokon som veit om ein stad der dei har knallpris på dette kameraet? Rimelegaste eg har funne er fotovideo.no, til 5995,-.
(Minnekort må ein sjølvsagt kjøpe i tillegg, men er litt usikker på kor stort ein eigentleg treng. I og med at ein ikkje kan ta video - nokon som har tankar rundt dette?)