Vil først og fremst klargjera at me ikkje har midlar til å kunna kompensera for noko hjelp... så dersom det er eit hinder, venligst ignorer denne tråden...
Driv ein litan
nettstad på dugnad. Kan jo sjekke den ut sjølv men kort fortald ein nettstad for ei lita bygd på vestlandet som inneheld informasjon om kva som skjer i bygda.
Planlegg for tida å redesigne sida, tenker å flytte frå Wordpress til Drupal og laga sida meir "community"-basert ved at brukarar kan tilføre "content" på ulike måtar. Uansett så tenkte eg at sida kunne trengt eit ansiktsløft i samme slengen... men er svak på den grafiske og kreative sida...
Den enklaste veien for min del er ein tekstbasert logo... noko eg alltids skal få til på ein grei måte... men kunne i grunn tenkt meg å fått laga ein "skikkelig" og i større eller mindre grad tidlaus logo som kan fronta bygda og sida i lang tid fremover... ingen enkel sak... har grubla på korleis ein kan skildra eller gjenspeila bygda grafisk i ein logo... tenker at det faktum at det er ei nydelig bygd ved sjøen, og på ei øy som ligg midt i smørauga i den vakre vestlandsskjærgården bør reflekterast... men det er enklare sagt enn gjort i ein logo...
Er takknemlig for alle innspel og tips me kan få... og dersom det er nokon som tar seg tid til å laga eit logoforslag så er det fantastisk!